I dag har me (Øystein og Carlos) vore ute i terrenget for å rekognosere forholda etter den siste storm-syklusen. Forholda har vore vekslande dei siste fem dagane, og ein kan tenke seg at det har vore store lokale variasjoner. Kort oppsummering: siste fredag kom mykje nysnø i Vossaområde, etter ein lange kuldeperiode.
I dag har me (Øystein og Carlos) vore ute i terrenget for å rekognosere forholda etter den siste storm-syklusen. Forholda har vore vekslande dei siste fem dagane, og ein kan tenke seg at det har vore store lokale variasjoner. Kort oppsummering: siste fredag kom mykje nysnø i Vossaområde, etter ein lange kuldeperiode. Lørdag fortsatte det med ganske mykje nedbør, men med ei vekslande snøgrense. Begge dagene var det vind i høgden. Søndag regna det kraftig ganske høgt opp. Mandag var ein nokså stabil dag. Tirsdag og onsdag kom det på nytt ein ny front med kraftig nedbør med vekslande snøgrense.


Under desse varierande forholda er det viktig å følge utviklingen av snødekket. På observasjonstur hadde me fire hovudmål:
-Sjekke kor mykje snø det var over 600m
-Sjekke i kva høgde snøen hadde vore gjennomvåt og i kva høgde det finnes tørr snø.
-Sjekke stabiliserings-prosessen til fokksnøen.
-Leite etter vedvarende svakt lag
På parkeringen i Ljosanbotn ved 660 moh fant me allerede eit lag med 25 cm tørr laussnø, med ei tynn mildværs-skorpe på toppen. Det var meir snø på Mjølfjell og i høgfjellet enn det me hadde trudd. Me begynte turen med eit delvis bærande skarelag i overflaten. På rundt 730 moh gjorde me ein kjapp snødekkundersøkelse. Me fann fortsatt lagdelt vintersnø. Ein kombinasjon av mjuke snøflak, hard fokksnø og skare i den øverste del og mildværskare frå 16 desember med kantkorn i bunn. Det var teikn på at noe fuktigheten hadde trukke seg gjennom heile snødekke, men fleire lagene var fortsatt gasnke tørre.
Ved 800 moh byrja den øverste snøen å vere tørr, og øverste skare var tynt. På 920 moh, var me i tørr snø, så me bestemte oss for å gjere ein snøprofil og den lille-blokktesten for å bedre forstå lagdelingen rett over mildværsgrensa.
Videoen er sjølvforklarande. Full profil kan du finne på Varsom regobs.


Den andre profilen er også rapportert på Varsom regobs. I den høgden snødekke var ikkje påvirka av mildvær. Dei øverste 20 cm var eit mjukt flak som gradvis blei eit tjukt homogent lag med hard fokksnø. 90cm djupt fann me igjen mildsværsskare frå 16 desember med kantkorn over. Krystallene var tynnare og det krevde mykje meir styrke for å utløyse søylen. Samtidig med nok styrke, kunne heile blokka skli over kantkorn. Bruddkant var fortsatt Q3.
Desverre klarte me ikkje teste skikkelig den ferskaste fokksnøen. I dette området var snøen generelt lite vindpåvirka.
Steinar rapporterte på Varsom regobs nokon store skred på Mjølfjell og Raundalen for to dagar sidan. Etter lunsj klarte me å sjå bruddkantane og skredmassene. Han mistenkte at pga. av størrelse til bruddkanten hadde dei blitt utløst grunna vedvarende svakt lag lagd av kantkort. Det er vanskeleg å bekrefte hypotesen, men det finnes faktisk eit vedvarende svakt lag i snødekke, og me er enige i at fleire av desse skredene kan virke som dei har forplante seg på eit ganske stort område for å kun vere ferske fokksnø.
Varsom har brukt dei to snødekkeundersøkelsane me lagd gjennom dagen, blant andre observasjoner og vurderingar frå eksperter, for å lage snøskredvarsel for fredag 26/01/2024.


Svake lag som vedvarer i snødekke kan vere problematiske. Dei er ofte vanskeleg å finne, vanskeleg å følge, vanskeleg å kalibrere, og av og til kan dei gje tragiske overraskelser. 14 april 2021 fjernutløste Øystein og eg eit skred ved faregrad 2 med vedvarende svakt lag. Den dagen hadde fleire element som var nyttig å samle og bruke som eksempel. Me har skreve ein detaljert bloggartikkel om det.
Vegen videre
Har du lyst til å lære meir om korleis man kan gjennomføre ein systematisk snødekkeundersøkelse? Det er ein avansert prosess, men om du føler deg klar, kan du sjekke ut våre 30t NF videregående skredkurs. Me har ledige plassar 29 februar – 3 mars.
Etter du har lest denne artikkelen, føler du framleis at det er begrep fra skredvarslinga som du ikkje heilt forstår? Betyr ikkje faregrad 2 omtrent alltid det samme? Om du har lyst til å ordentlig forstå snøskredvarslinga og lære å planlegge og gjennomføre trygge turer etter evne, så kan du ha ha bruk for eit toppturkurs. Me har fortsatt ledig plasser i løpet av februar.
Men kva skal eg lære på toppturkurs? Eg er jo ikkje nybegynner! Sjå her for meir informasjon om toppturkurs med Wild Voss minutt for minutt, samt vanlige spørsmål og svar angående skredkurs


Men det viktigaste er at det er mykje snø i fjellet. Det er framleis fine forhold i Raundalen. Over 900 meter er det full vinter, og det finnes ganske fint køyresnø! Me sjåast til fjells